Hopp til hovedinnhold

Innspelsrunde: Standard databehandlaravtale med rettleiar

Direktoratet for e-helse ønsker innspel frå verksemder i helse- og omsorgssektoren som inngår tenester eller utfører oppdrag som inneber behandling av helseopplysningar.

Direktoratet for e-helse har utarbeidd eit utkast til ein standard databehandlaravtale med rettleiar for bruk i helse- og omsorgssektoren.

– Standardiserte avtalar forenklar arbeidsprosessane for dataansvarlege og databehandlarar, og dei bidrar til å sikre personvernet og informasjonssikkerheita for pasientane, seier Birgitte Egset, juridisk direktør i Direktoratet for e-helse.

birgitte-jensen-egset-2500px
Birgitte Egset, juridisk direktør i Direktoratet for e-helse. Foto: Direktoratet for e-helse.

Innspelsrunde på dokumenta med frist 4. desember 2020

Direktoratet for e-helse ønsker innspel på begge dokumenta, særleg om oppbygginga og innhaldet i avtalen og om innhaldet i rettleiaren og grad av detaljering. Vi ønsker spesielt innspel som gjer greie for problemstillingar eller erfaringar som er felles for sektoren.

Send oss gjerne innspel så snart som mogleg og innan 4. desember 2020. Innspela kan du sende til [email protected]. Merk e-posten med 20/637.

Om dokumenta

Forslaget til Standard databehandlaravtale er basert på Mal for databehandlaravtale, publisert på ehelse.no i november 2018. I forslaget er det ikkje nokon vesentlege endringar frå den tidlegere avtalemalen. Vi har gjort nokre strukturelle endringar ved at sjølve avtaleteksten skal ligge fast. Avtalen er nå tydelegare retta mot behandling av helseopplysningar. Vi har òg gjort enkelte språklege justeringar i avtaleteksten.

Formålet med rettleiaren er å gi nærmare informasjon om innhaldet i avtalen der det er relevant, og å gi ei praktisk rettleiing til korleis vedlegget til avtalen skal nyttast og fyllast ut.

Vidare prosess

Etter behandling av innspela vil Standard databehandlaravtale med rettleier bli publisert på ehelse.no som ein standardavtale sektoren kan nytte når dei skal inngå slik avtalar. Utstrekt bruk av standardavtalen vil bidra til at både verksemdene i sektoren og leverandørane kjenner vilkåra og oppbygningen av avtalen, slik at avtaleinngåinga kan gå raskare.