Hopp til hovedinnhold

Koronasertifikat-arbeidet er i gang

Arbeidet med å utvikle den tekniske løysinga for eit koronasertifikat er i gang. Den forenkla utgåva av koronasertifikatet kjem på plass i mai. Den endelege versjonen av sertifikatet kjem i slutten av juni.

Det er ikkje bestemt korleis sertifikatet skal brukast. Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for e-helse og Norsk helsenett SF utviklar sertifikatet slik at den tekniske løysinga er på plass innan regjeringa har vurdert og vedtatt kva koronasertifikatet kan brukast til. 

I tillegg skal Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet utarbeide ei anbefaling om korleis eit koronasertifikat kan brukast i gjenopninga. Regjeringa vil ta stilling til bruken av koronasertifikat i Noreg når dei har mottatt denne anbefalinga.

Slik blir koronasertefikatet

Det finst allereie ei moglegheit for å logge seg inn på Helsenorge og få ei utskrift av vaksinestatus og testresultat. Samla visning av testresultat og vaksinasjonsstatus kjem på plass i mai.

Koronasertifikatet består av tre delar:

  • ein del som viser vaksinasjonsstatus.
  • ein del som viser negativt testresultat (PCR-test og antigen hurtigtest)
  • ein del som viser immunitet etter gjennomgått koronasjukdom (basert på ein positiv PCR-test)
42380OVI_3897
Koronasertifikatet vil gi ein samla visning av testresultat, vaksinestatus og immunitet. Første versjon kjem i mai. Foto: Øyvind Eide

Europeisk samarbeid

Etter planen skal ein versjon av eit koronasertifikat, som vil vere i tråd med EUs regelverk om digitale grøne sertifikat, vere klar mot slutten av juni. Det skal vere mogleg å hente det digitalt frå helsenorge.no og lasta ned for utskrift, samt til bruk utan å vere kopla til internett og dessutan moglegheit for å verifisera informasjon via ein QR-kode.  

Koronasertifikat inngår i europeisk samarbeid for å bidra til ein trygg gjenopning av Europa. Bruken av sertifikata vil regulerast av nasjonale myndigheiter i dei ulike landa.

Meir om koronasertifikatet

Pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet: Forenkla utgåve av koronasertifikat i mai (regjeringa.no)

Oppdateringar om arbeidet med koronasertifikat (FHI)

Informasjon om prosjektet til befolkninga (Helsenorge)