Hopp til hovedinnhold

Øystein K. Johansen blir leiar for Helsedataservice på Tynset

– Vi er veldig glade for å få med Øystein på laget. Han kjem til å bli ein svært viktig ressurs i arbeidet med å bygge opp og vidareutvikle Helsedataservice (HDS) på Tynset, seier Håvard Kolle Riis, avdelingsdirektør for helsedata i Direktoratet for e-helse.

Øystein Kyrre Johansen er fødd og oppvaksen på Lillehammer, men har budd på Tynset i Østerdalen dei siste 24 åra.

Han er utdanna sjukepleiar og anestesisjukepleiar og har jobba innan akuttmedisinen i spesialisthelsetenesta og som leiar for ein intensivavdeling i sjukehus i til saman 20 år, før han byrja i kommunal sektor. Dei siste fem åra har Øystein jobba som kommunalsjef for helse- og omsorgssektoren i Tynset kommune.

Øystein Helsedataservice Tynset
Øystein K. Johansen blir leiar for Helsedataservice på Tynset.

I tillegg til sin helsefaglege utdanning har Øystein ei master i offentleg leiing og styring (MPA) frå Rena, og masterprogrammet Consulting frå BI.

– Denne bakgrunnen, og ikkje minst Øysteins gode kjennskap til regionen, er ein stor styrke for oss i arbeidet vidare, seier Håvard Kolle Riis.

Tidspunkt for oppstart vil bli nærare avklart.