Hopp til hovedinnhold

SNOMED CT

SNOMED CT er ei systematisk samling av helsefaglege omgrep som kan brukast til å dokumentere og dele opplysningar knytt til pasientbehandlinga. Ved å bruke eit felles omgrepsapparat skal det bli lettare å kommunisere mellom ulike delar av helsetenesta.

Retningslinje for SNOMED CT i Noreg

Direktoratet for e-helse tilrår at SNOMED CT skal vurderast brukt som helsefagleg terminologi ved innkjøp eller vidareutvikling av e-helseløysingar med behov for terminologi

Vil du vite meir om SNOMED CT?

Her finn du mellom anna informasjon om omsetjing av SNOMED CT, eigarskap og forvaltning og bruk av SNOMED CT i Noreg.

Korleis ta i bruk SNOMED CT i eigne løysingar?

Vi har samla nyttig informasjon for alle som ønskjer å ta i bruk SNOMED CT i eigne fagsystem.

Døme på bruk av SNOMED CT

Viktige datoar og fristar

Direktoratet for e-helse gir ut nye versjonar av SNOMED CT på faste tidspunkt i løpet av eit år:

15. april
15. oktober

Utgivingane inneheld oppdatert innhald basert på behov i sektoren.

Førespurnader om nytt innhald må vere innsendt seinast to månader før ny utgiving.

Har du endringsforslag til SNOMED CT?

Det er gjort eit grundig arbeid med å tilpasse SNOMED CT til Noreg. I dei tilfella eit omgrep eller ein term manglar, eller mappinga ikkje er rett, bør dette meldast inn til Direktoratet for e-helse. 

Kvar organisasjon som bruker SNOMED CT har rutinar for korleis dette blir gjort. Endringsforslag skal meldast inn via eigne kontaktpersonar i organisasjonen din. 

Lurar du på noko anna?

Send e-post til [email protected].

Merk: Informasjonen du sender inn skal ikkje innehalde helseopplysningar eller andre personopplysningar om pasientar, heller ikkje i sladda form.