Hopp til hovedinnhold
Søk

Standardiseringsutvalet for internasjonale e-helsestandardar

Utvalet skal styrkje norske aktørars høve til å påverke utvikling og bruk av internasjonale standardar.

Møter i 2023

Møter i 2022

Møter i 2021

Møter i 2020

Bakgrunn

Aktørane i helse- og omsorgssektoren har fremja eit behov for å ha eit felles utval, der verksemder, leverandørar og styresmakt jobbar saman på eit strategisk og taktisk nivå for å styrkje Noreg rolla si i internasjonalt standardiseringsarbeid.

Saka om skiping av Standardiseringsutvalget er behandla i mellom anna følgjande forum:

Standardisering er ein føresetnad for elektronisk samhandling i helsetenesta, og legg dessutan til rette for innovasjon og næringsutvikling. Nasjonal e-helsestrategi og handlingsplan 2017-2022 og Plan for utvikling av felles grunnmur for digitale tjenester i helse- og omsorgstenesta peikar på gjenbruk av internasjonale standardar som eit sentralt verkemiddel i det vidare standardiseringsarbeidet.

Arbeidet går føre seg gjennom mange ulike standardiseringsorganisasjonar, program og prosjekt. Direktoratet for e-helse skal gjere tydeleg retning og vere aktiv pådrivar for at aktørar nyttar internasjonale e-helsestandardar på ein einskapleg måte.

Formål

  • Styrke norske aktørars høve til å påverke nordisk, europeisk og internasjonalt standardiseringsarbeid gjennom relevante kanalar.
  • Bidra til at kunnskap om internasjonale standardar blir utbreidde i Noreg
  • Oppnå betre koordinering av standardar som blir utvikla, for å unngå overlappande og inkonsistens mellom ulike e-helsestandardar
  • Være rådgivande forum for Direktoratet for e-helse
  • Bidra til å involvere leverandørmarknaden relatert til tilpassing og utbreiing av standardar
  • Utvikle nasjonal forståing for bruk av internasjonale standardar og bidra til utvikling og påverknad.
  • Framme utvikling, adopsjon og anerkjenning av relevante internasjonale standardar.

Oppgåver og ansvar

Standardiseringsutvalet blir etablert med eit mandat som skal gjelde to år frå oppstart (2020 – 2022).

Standardiseringsutvalet skal:

  • Bidra til heilskaplege vurderingar av internasjonale standardar på eit overordna nivå og på tvers av standardiseringsorganisasjonar
  • Tilrå kva for nokre internasjonale standardar som bør normerast for norsk helse- og omsorgsteneste
  • Tilrå kva for nokre strategiske internasjonale standardiseringsaktivitetar Noreg bør delta i

Direktoratet for e-helse skal formidle informasjon om pågåande internasjonalt standardiseringsarbeid.

Representanter

Standardiseringsutvalet blir leidd av Direktoratet for e-helse. Utvalet vil ha ei brei samansetjing av aktørar i sektoren, medrekna leverandørar og standardiseringsorganisasjonar.

Virksomhet

Navn

ApotekerforeningenErvin Ricardo Reyes
AspitKristian Moum
CsamLilly Marit Angermo
DIPSJohn Harald Sevaldsen

Direktoratet for e-helse

Georg F. Ranhoff (leiar)
EgdeAnn-Elisabeth Ludvigsen
Folkehelseinstituttet

Astrid Krahn

GS1 NorgeStephen Bølstad
HelsedirektoratetThore Thomassen
Helse NordKristian Andreassen
Helse Sør-ØstMads Kringstad
Helse Sør-ØstYvonne Garshol
Helse Vest

Øivind Skeidsvoll Solvang

Helse VestJan Helge Norekval
Helse VestSissel-Marie Børthus
HL7 NorgeLine Andreassen Sæle
Kristiansand kommuneVan Nguyen
LegeforeningenPetter Hurlen
Nasjonalt senter for e-helseforskningRune Pedersen
Nasjonalt senter for e-helseforskningOve Lintvedt
Norsk Elektro­teknisk KomiteEirik Sollie
Norsk helsenettArmann Helgason
Norsk helenettKari Jørgensen
openEHRVebjørn Arntzen
SectraEndre Haugen
Siemens HealthineersIngvar Sørlien
Standard Norge

Helena Brunskog

Statens legemiddelverkHelga Festøy
Stavanger kommune og Felles kommunal journalInger Bjørkum Leigvold
SykehuspartnerØyvind Aassve
SykepleierforbundetBente Christensen

Trondheim kommune og Helseplattformen

Thor Johannes Bragstad

Mandat

Mandat standardiseringsutvalget for internasjonale e-helsestandardar 2023-2026 (PDF)

Kontakt

Send e-post til standardiseringsutvalet.