Søk

Nasjonal rådsmodell

Nasjonal rådsmodell for e-helse består av Nasjonalt e-helseråd, NUIT (Prioriteringsutvalet) og NUFA (Fagutvalet).

Nasjonal rådsmodell for e-helse er etablert for å styrke gjennomføringsevna av IKT-utviklinga i helse- og omsorgstenesta (Nasjonal e-helsestrategi 2017 – 2022).

Sterkare nasjonal styring og koordinering av IKT-utviklinga i helse- og omsorgssektoren er eitt av fire strategiske grep som vert trekt fram i Meld. St. 9 Éin innbygger – éin journal (2012-2013) (regjeringen.no).

Føremål

Føremålet med Nasjonal rådsmodell for e-helse er å samle dei sentrale aktørane i helse- og omsorgssektoren med behov for felles utviklingsretning, innsats og mål for e-helseutviklinga.

Nasjonalt e-helseråd er øvste nivå i nasjonal rådsmodell for e-helse. E-helserådet skal gi råd om strategiske vegval på e-helseområdet, og anbefale prioritering og gjennomføring av tiltak for ein heilskapleg e-helseutvikling med effektiv utnytting av ressursane.

NUIT (Prioriteringsutvalet) skal gi råd om prioriteringar, følgja opp gjennomføring av nasjonal e-helseportefølje, vegkart og nasjonal e-helsestrategi, og anbefale strategiske tema til Nasjonalt e-helseråd.

NUFA (Fagutvalet) skal gi råd og anbefalingar om helsefaglige behov, behovet til innbyggar og arkitekturval på e-helseområdet.

Slik fungerer rådsmodellen

Alle aktørar med relevante strategiske e-helsespørsmål kan fremme sine e-helsesaker i Nasjonal rådsmodell for e-helse.

Den tredelte rådgivande modellen endrar ikkje dei til ein kvar tid etablerte styringslinjene frå Stortinget, regjeringa og departement til etatar, verksemder og kommunar.

Samanheng mellom dei nasjonale foruma

NUIT og NUFA skal begge støtte opp under Nasjonalt e-helseråd ved å bidra til at avgjerder og vedtak er baserte på godt forankra underlag, slik at toppleiarane i Nasjonalt e-helseråd er trygge på dei avgjerdene som vert teke.

NUIT skal anbefale strategiske tema til Nasjonalt e-helseråd, og foreslå strategiske saker frå sektor, som skal behandlast i rådsmodellen. NUIT skal, som hovudregel, i forkant behandla saker som skal til Nasjonalt e-helseråd.

NUIT kan foreslå saker for behandling i NUFA, før vidare behandling i NUIT, ved behov for drøfting av problemstillingar innan helsefag, innbyggarperspektivet eller arkitektur.

Årshjul for nasjonal rådsmodell

Årshjul for Nasjonal rådsmodell for e-helse 2023 (PDF)

Årshjul for Nasjonal rådsmodell for e-helse 2022 (PDF)

Kontakt

Sekretariatet for nasjonal rådsmodell for e-helse.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei