Norsk patologikodeverk

Her kan du søkje etter kodar
Generell rettleiing
Om Norsk patologikodeverk
Den første versjonen av diagnosekodeverka til patologane vart publisert i 1995. Frå første versjon og fram til 2016 hadde kodeverket namnet Den norske SNOMED for patologi. Namnet vart endra til Norsk patologikodeverk i 2017 etter eit større oppdateringsarbeid. Les meir om historikken her.
Direktoratet for e-helse har i samarbeid med fagmiljøa innan patologi utarbeidd kodar for aktivitetsregistrering i patologilaboratoria (APAT). Kodane inngjekk som del av Norsk patologikodeverk frå og med 2019-versjonen. APAT nyttast i ny refusjonsordning for poliklinisk patologi.
Innrapportering av patologiinformasjon til Kreftregisteret er hovudsakleg basert på Norsk patologikodeverk. Innrapportering er lovpålagt og skal gjerast i samsvar med Kreftregisterets spesifikasjon. Meldeplikta gjeld alle undersøkingar som blir gjort i samband med utgreiing, behandling, kontroll og oppfølging av kreftsjukdom, forstadium til kreft og enkelte benigne tilstandar.
Last ned filer
Kodeverk og endringsdokumentasjon.
Nye filer for 2024
Viktige datoar og fristar
Kodeverket blir oppdatert årleg. Vi samlar innspel til endringar gjennom heile året, men må sendast innan 1. mars for å bli behandla innan neste års publisering.
1. januar: Oppdaterte kodeverk blir tekne i bruk
1. mars: Frist for endringsforslag
ca. 1. juni: Møte i referansegruppe
30. juni: Endringar endeleg vedteke.
1. oktober: Kodefiler blir gjort tilgjengeleg.

Kontaktinformasjon
Har du eit kodeønske eller ønske om endring?
Ta kontakt med Direktoratet for e-helse på [email protected].
Merk: Informasjonen du sender inn skal ikkje innehalde helseopplysningar eller andre personopplysningar om pasientar, heller ikkje i sladda form.
Gjeld førespurnaden refusjon, oppgjer og regelverk?
Send epost til [email protected].
For endringar i refusjonskategoriar eller regelverk
Ta kontakt med Helsedirektoratet på [email protected]
Spørsmål om Pasientens prøvesvar?
Send epost til [email protected].