Søk

Kurs og webinarer

Normen satsar aktivt på kurs- og opplæringsaktivitet. Her finn du meir informasjon om kursa vi tilbyr.

Kurs- og webinarplan våren 2021

Denne våren fortset vi med digital kompetanseheving gjennom Normen. Det blir framleis moglegheiter for dialog og kontakt mellom Normen og sektoren gjennom digitale møtearenaer. Meld deg på webinar ved å sende e-post til [email protected], så får du tilsendt påloggingsinformasjon.

24. februar: Reprise av Normen 6.0 for leverandørar.

3. mars: Gjennomgang av oppdatert rettleier for digital pasientkommunikasjon (tidlegare rettleier i bruk av portalløysingar, sms og e-post).

10. mars: Gjennomgang av agenda til møte i Normens styringsgruppe.

17. mars: Gjennomgang av ny rettleier om "de registrertes rettigheter".

24. mars: IKT-tilsynet til Helsetilsynet, med gjesteforedragsholder frå Helsetilsynet.

07. april: Medisinsk utstyr og informasjonssikkerheit, med gjest fra Helse Midt/St.Olavs hospital.

14. april: Innspelswebinar om Faktaark 29 - Hjemmekontor.

21. april: Oppdatert Faktaark 10 - Databehandleravtale, med gjest fra Direktoratet for e-helse.

28. april: Adressesperre (kode 6 og 7) i helse- og omsorgssektoren.

05. mai Innspillswebinar for faktaark DPIA.

12. mai: Intro til Normen, heildagskurs.

19. mai Sky og tjenesteutsetting, med gjest fra Norsk helsenett.

26. mai: Gjennomgang av agenda til neste møte i Normens styringsgruppe.

02. juni: Lansering av oppdatert Faktaark 29 - Hjemmekontor*

09. jun: Innspillswebinar til Normens forskningsveileder*

16. jun: Innspillswebinar til Normens veileder om tilgangsstyring*

23. jun: Innspillswebinar til Normens veiledere om risiko og internkontroll*

30. jun: Faktaark om personvernprinsippene*

*Vi har beslutta å midlertidig stanse bruken av webinarverktyet vårt. Alle dei oppsette innspelswebinara vil bli gjennomført. Vi legg ut meir informasjon på normen.no når det praktiske er avklart. Det vil bli spelt inn opplæringsvideoar om personvernprinsippa og faktaark om heimekontor på eit seinere tidspunkt.

Meld deg på webinar ved å sende e-post til [email protected], så får du tilsendt påloggingsinformasjon.

Programmet for 2021 blir oppdatert ut over sommaren og hausten. Følg med her, i kanalane våre på sosiale medium eller via nyheitsbrevet vårt (meld dykk på her) Alle kursa varer i 45 minutt, med unntak av heildagskurset 12. mai.

Faste kurs Normen gjennomfører

Normen held fleire faste kurs gjennom året. Kursa kan gjennomføres digitalt.

Introkurs til Normen

Introkurset til Normen passar for alle som er interesserte i informasjonssikkerheit og personvern i helse- og omsorgssektoren.

På introkurset vil vi gjennomgå:

  • Intro til Normen
  • Aktuelle faktaark og rettleiere i Normen
  • Risikovurdering av informasjonssikkerheit
  • Normens krav

Kurset passar for alle som er interesserte i dette.

Dette er eit introkurs til våre modulbaserte kurs; informasjonssikkerheit og personvern for kommunar, og kurs i informasjonssikkerheit og personvern for medisinsk-tekniske personell.

Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell

Kurs i informasjonssikkerheit basert på Normen for medisinsk-teknisk personell er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen. Det kan arrangerast som dag 2, etter dag 1 med introkurs. Kurset tar utgangspunkt i Normens veileder for medisinsk utstyr – personvern og informasjonssikkerhet.

Etter å ha gjennomført kurs, skal deltakarane vere betre i stand til å implementere Normens krav til behandling av helse- og personopplysningar i medisinsk utstyr med tilhøyrande systemløysingar og applikasjonar på ein praktisk måte.

Tema for kurset for medisinsk-teknisk personell er:

  • Medisinsk utstyr og digitale sårbarheter v/HelseCERT
  • Normens krav og tilrådingar frå kravspek til innføringsprosjekt
  • Helseopplysninger i skya
  • Medisinsk avstandsoppfølging
  • Normens fjernaksessrettleiar

Kurset vart første gong gjennomført våren 2017 som obligatorisk kurs for alt medisinsk-personell i Helse Midt-Noreg. Kurset er eit samarbeid med NHN / HelseCERT.

Kurset blir halde primært to gonger i året i lokala til Direktoratet for e-helse på Skøyen. Dersom dere vil at sekretariatet arrangerer dette kurset i verksemda di, kan de sende ein førespurnad til [email protected].

Modulbasert kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar

Kurs i informasjonssikkerheit og personvern for kommunar basert på Normen er eit modulbasert kurs som baserer seg på introkurset til Normen. Dette kurset kan arrangerast som dag 2, etter dag 1 med introkurs.

Kurset blir arrangert i samarbeid med kommunar som tar på seg oppgåva som vertskap for kurset. Det er ein føresetnad for kurset at kommunen samarbeider med andre kommunar i regionen. Personvernombod/ informasjonstryggingsleiar bør delta for å fortelje om personvern og informasjonssikkerheit i kommunen.

Tema for kommunekurset kan vere informasjonssikkerheit og personvern i velfersteknologi, medisinsk avstandsoppfølging, innkjøp, arbeid med informasjonssikkerheit og personvern i eigen kommune, styringssystem mv.

Kommunar kan velje mellom todagars kurs (introkurs til Normen og kommunekurs) eller éindags kurs (introkurs til Normen, og nokre utvalde tema spesifikt for kommunar). På todagars kursa legg vi opp til workshop, diskusjonar og rettleiing om utvalde utfordringar kommunane står ovanfor i samarbeid med samarbeidspartnarane våre.

Kommunar som er interesserte i å arrangere kursa, kan kontakte sekretariatet på [email protected].

Merk at kursinnhaldet vil utviklast over tid grunna revidering av rettleiarane.

Andre kurs og foredrag

Sekretariatet for Normen held innlegg om det meste innan personvern og informasjonssikkerheit i helse på ulike konferansar og forum. Tild dømes hos fysioterapiforbundets kursing av nye enkeltpersonføretak, primærmedisinsk veke (PMU), Sikkerhetsfestivalen, NSH kurs, kurs for kommuneleiinga, ulike sikkerheits- og e-helsekonferanser i inn og utland.

Vi strekker oss langt for å imøtekomme behova for opplæring og innhald. Ta kontakt på [email protected].

Kontakt

Har du spørsmål, kontakt oss på [email protected].

Les også: Strategi for Normens kurs- og kompetansevirksomhet (PDF), vedteken av styringsgruppa til Normen 07.03.2019.

Fant du det du lette etter?
Ja Nei