Hopp til hovedinnhold

Forvaltning av Felles språk

Program for kodeverk og terminologi planlegg korleis forvaltninga av Felles språk i helse- og omsorgssektoren i Noreg skal gå føre seg framover.

Forvaltninga omfattar sjølve terminologien SNOMED CT, med utvalde omgrep og norsk omsetjing av desse, og dessutan knytningene frå denne terminologien til dei helsefaglege kodeverka som blir brukte i helse- og omsorgstenesta.

Arbeidet med å avklare og definere roller og ansvar, og finne ut av kva tenester som skal tilbydast aktørane i sektoren går føre seg. Programmet arbeider òg med å etablere verktøy som aktørar i helse- og omsorgstenesta kan ta i bruk. Desse verktøya er nye FinnKode og Nasjonal terminologiserver.

Nye FinnKode gjer det enklare å søkje opp kodar

Nye FinnKode er eit nytt søkjeverktøy for alle i helse- og omsorgstenesta, for å finne oppdaterte kodeverk, synonymlister og gjere enklare søk. Denne opne webløysinga gjer det mogleg å søkje fram ønskt kode eller synonym frå kodeverka på ein enkel måte. Nye FinnKode kjem til å erstatte dagens FinnKode (finnkode.no) og Volven (volven.no), og vil innehalde både helsefaglege og administrative kodar.

Nasjonal terminologiserver gjer SNOMED CT tilgjengeleg for alle

Nasjonal terminologiserver gir alle aktørar i helse- og omsorgssektoren lett tilgang til alle SNOMED CT-omgrep. Verktøyet gjer det òg mogleg å enkelt søkje opp omgrep. Den inneheld både SNOMED International Edition og norsk utviding av denne med særnorske omgrep. Terminologiserveren gjer det mogleg å oppdatere den norske utvidinga med nye omgrep og referansesett regelmessig. Her finst òg eit testmiljø der aktørar kan prøve ut ny funksjonalitet og gjer at SNOMED CT enkelt kan koplast saman med andre system.

Terminologiserveren er tilgjengeleg for alle som ønskjer å ha tilgang til den norske versjonen av SNOMED CT eller som ønskjer å opprette koplingar mellom denne terminologien og eigne kodeverk eller variablar.

Forvaltningsprosessar

Program for kodeverk og terminologi arbeider no med å avklare korleis forvaltninga av Felles språk skal gå føre seg. Dette handlar til dømes om korleis ein aktør skal gå fram når det er behov for nye omgrep i SNOMED CT, for nye omsetjingar eller endringar i referansesett.