Hopp til hovedinnhold

Laboratoriekodeverk

Laboratoriekodeverka er ei samling nasjonale laboratorierelaterte kodeverk: Norsk laboratoriekodeverk (NLK), Prøvemateriale, Anatomisk lokalisasjon, Tekstlige resultatverdiar og Undersøkelsesmetode. I tillegg finst eit eige kodeverk for patologi.

Her kan du søkje etter kodar

Korleis blir laboratoriekodeverka brukt i dag

Laboratoriekodeverka blir nytta i samband med rekvirering av laboratorieundersøkingar, og svarrapportering frå laboratorium. Kodeverka blir også nytta på helsenoreg.no i samband med visning av prøvesvar til pasient. Norsk laboratoriekodeverk (NLK) er obligatorisk i refusjonskrav for polikliniske laboratorieanalysar.

Generell rettleiing

Last ned filer

Kodeverk, følgebrev og endringsdokumentasjon.

Viktige datoar og fristar

E-helse får forslag til endringar og nye kodar i laboratoriekodeverka gjennom heile året. Vi publiserer fem versjonar av Norsk laboratoriekodeverk i året; i januar, mars, mai, september og november. Versjonen blir publisert på den vyrkedagen som er nærast 23. i kvar publiseringsmånad. Eit utkast til versjonen blir sendt til referansegruppa 3-4 veker før publisering.

 

Viktig informasjon knyt til Norsk laboratoriekodeverk (NLK) - publisert 13.10.2023

Frå 15.08.2024 vil det bli etablert ny struktur for Norsk laboratoriekodeverk (NLK). I tillegg vil kodeverket frå 2024 bli publisert fire gongar i året. Les meir om dette i endringsvarsel og sjå døme på ny struktur av kodeverket og endringsdokumentasjon her:

Endringsvarsel Norsk laboratoriekodeverk

Norsk laboratoriekodeverk ny struktur - eksempelfil

Endringsdokumentasjon Norsk laboratoriekodeverk - eksempelfil (korrigert 01.11.2023)

 

Kontaktinformasjon

Eg har endringsforslag til laboratoriekodeverka:

Ta kontakt med oss på [email protected]

Merk: Informasjonen du sender inn skal ikkje innehalde helseopplysningar eller andre personopplysningar om pasientar, heller ikkje i sladda form.

For endringar i refusjonskategoriar eller regelverk:

Send e-post til [email protected]

Gjeld førespurnaden refusjon, oppgjer og regelverk?

Send e-post til [email protected]

Spørsmål om Pasientens prøvesvar?

Send e-post til [email protected]

Døme på bruk: Pasientens prøvesvar

Pasientens prøvesvar er ei nasjonal løysing for visning av prøvesvar frå ulike avsendarar til helsepersonell og innbyggjar. God datakvalitet og bruk av nasjonale kodeverk er ein føresetnad for at løysinga skal vere brukarvennleg.

Eksempler på bruk av laboratoriekodeverk

Slik brukes kodeverk og terminologi i hverdagen.