Hopp til hovedinnhold

Introduksjon til verksemda og hovudtal

Omtale av verksemda og samfunnsoppdraget

Direktoratet for e-helse er eit forvaltingsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet, og har nasjonal myndigheit som fagleg rådgivar, pådrivar og premissgivar på e-helseområdet[2].

  • Som fagleg rådgivar har Direktoratet for e-helse ansvar for å halde seg orientert om ehelseutviklinga og gi råd til Helse- og omsorgsdepartementet og helse- og omsorgssektoren.
  • Som pådrivar har Direktoratet for e-helse ansvar for at sektoren er samordna og er i tråd med nasjonale e-helsestrategiar, planar og tiltak slik at ein kan nå nasjonale helsepolitiske mål.
  • Som premissgivar har Direktoratet for e-helse ansvar for å utarbeide krav og rammevilkår for e-helseutviklinga.

Samfunnsoppdraget til Direktoratet for e-helse er å styrkje digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren for å understøtte effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester. Direktoratet for e-helse skal leggje til rette for nasjonal samordning og ei heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling.

Visjonen vår er å skape eit enklare Helse-Noreg. Vi bidreg til kvalitet, auka pasienttryggleik og meir effektive helse- og omsorgstenester gjennom å styrkje digitaliseringa.

Ei trygg og samanhengande helseteneste føreset at vi samarbeider om å løyse felles utfordringar. Det som kan løysast nasjonalt, skal bli løyst nasjonalt. Derfor er det å samle aktørane i Helse-Noreg om ei felles retning avgjerande for å lykkast med ein digital transformasjon av helse- og omsorgssektoren. Misjonen vår er å samle Helse-Noreg om ei felles retning for digitalisering.

I 2021 fastsette vi ein endringsagenda for direktoratet. Brukarbehova skal stå i sentrum i alt arbeid direktoratet gjennomfører. Vi skal byggje tillit og opplevast som eit talerøyr for heile sektoren. Direktoratet skal ha auka fokus på nyttestyring og felles retning i porteføljen av digitaliseringsprogram i direktoratet. Vi skal løfte fram vår styresmaktsrolle og innta ei mindre operativ rolle i gjennomføringa av program. Direktoratet skal arbeide for føreseieleg nasjonal ehelseutvikling og auka gjennomføringskraft. For å lykkast i arbeidet må direktoratet vere ein attraktiv arbeidsplass med rett kompetanse. Gjennom kompetanseutvikling og rekruttering skal vi sørgje for at direktoratet har rett kompetanse til å løyse oppgåvene i dag og i framtida.

Omtale av organisasjon og leiing

Direktoratet for e-helse er organisert i tre divisjonar med tilhøyrande avdelingar og seksjonar. Divisjonane rapporterer til direktør. I tillegg rapporterer avdelingane organisasjon, kommunikasjon, legemiddel og helsedata til direktør.

I 2021 har direktoratet etablert Helsedataservice som førstelinjeteneste for tilgang til helsedata. Helsedataservice er organisert som ein seksjon i avdeling helsedata, og er lokalisert på Tynset.

Det er berre gjort mindre justeringar i organiseringa av direktoratet i 2021. Avdeling juss og informasjonssikkerheit er seksjonert, og HR er mellombels etablert som ein seksjon. Ansvarsområde som opphavleg var tenkt lagt til ei avdeling med ansvar for innbyggjartenester, vart varetekne av avdeling journal og helsepersonell i 2021. I starten av 2022 vart dette framforhandla som ei varig løysing, og avdelinga skifta namn til avdeling innbyggjar- og helsepersonelltenester. Direktoratet vil gjennomføre ei kartlegging for å avdekkje eventuelle behov for organisasjonsutvikling. Kartlegginga starta første kvartal 2022.

Organisasjonskart Direktoratet for e-helse
Klikk på bildet for å laste ned organisasjonskart for Direktoratet for e-helse per 31. desember 2021.

Første halvår hadde Direktoratet for e-helse fleire konstituerte leiarar. Mariann Hornnes starta som direktør sommaren 2021. Lucie Aunan begynte i stilling som divisjonsdirektør for samhandling på seinsommaren, og utover hausten vart dei fleste leiarposisjonane fylte med faste tilsette. Det er berre konstituert leiar i éi avdeling; avdeling organisasjon.

Utvalde hovudtal

Årsverk og tal på tilsette

Tilsette per 31.12

2019: 353

2020: 168

2021: 209

Avtalte årsverk per 31.12

2019: 350,5

2020: 166,8

2021: 209

Utøfrte årsverk[3]

2019: 302,8

2020: 139,6

2021: 175,5

Planlagd ressursinnsats

2019: 338

2020: 155,5

2021: 189,4

Andel konsulentar[4]

2019: 31 %

2020: 29%

2021: 23%

Samla tildeling over statsbudsjett (millionar kroner)

2019: 1 035,9

2020: 915,3

2021: 1 218,2

Utnyttingsgrad av samla tildeling

2019: 95 %

2020: 88 %

2021: 79 %

Utnyttingsgrad av tildeling kap. 701 post 21, kap. 744 post 01 og kap. 744 post 21

2019: 94 %

2020: 88 %

2021: 79 %

Lønnsandel av driftsutgifter

2019: 37,5 %

2020: 22,3 %

2021: 23,5 %

Volumtal for nasjonale løysingar[5]

Helsenorge - besøk på Helsenorge i løpet av året

2016 (per 31. desember): 12,7 mill.

2017 (per 31. desember): 18,7 mill.

2018 (per 31. desember): 25,6 mill.

2019 (per 31. desember): 37,2 mill.

2020 (per 31. desember): 72,9 mill.

2021 (per 31. desember): 140 mill.

Helsenorge - innloggingar på sjølvbeteningsløysingar

2016 (per 31. desember): 3,2 mill.

2017 (per 31. desember): 7 mill.

2018 (per 31. desember): 12 mill.

2019 (per 31. desember): 20,5 mill.

2020 (per 31. desember): 43 mill.

2021 (per 31. desember): 77,5 mill.

E-resept - totalt tal på rekvirerte e-reseptar årleg

2016 (per 31. desember): 24,1 mill.

2017 (per 31. desember): 25,8 mill.

2018 (per 31. desember): 26,6 mill.

2019 (per 31. desember): 28 mill.

2020 (per 31. desember): 28,4 mill.

2021 (per 31. desember): 29,7 mill.

E-resept - tal på rekvirentverksemder

2016 (per 31. desember): 2 000

2017 (per 31. desember): 2 132

2018 (per 31. desember): 2 176

2019 (per 31. desember): 2 108

2020 (per 31. desember): 2 392

2021 (per 31. desember): 2 471

E-resept - andel selde pakningar på e-resept

2016 (per 31. desember): 89,4 %

2017 (per 31. desember): 91,1 %

2018 (per 31. desember): 92 %

2019 (per 31. desember): 93,4 %

2020 (per 31. desember): 92,3 %

2021 (per 31. desember): 93,6 %

Kjernejournal - tal på forskjellig helsepersonell totalt som har gjort oppslag i kjernejournal

2016 (per 31. desember): 6 200

2017 (per 31. desember): 12 700

2018 (per 31. desember): 16 700

2019 (per 31. desember): 21 000

2020 (per 31. desember): 25 000

2021 (per 31. desember): 29 900

Kjernejorunal - tal på oppslag i kjernejournal per veke

2016 (per 31. desember): 2 900

2017 (per 31. desember): 8 200

2018 (per 31. desember): 14 000

2019 (per 31. desember): 20 200

2020 (per 31. desember): 25 900

2021 (per 31. desember): 38 000

Grunndata - totalt tal på oppslag

2016 (per 31. desember): 845 mill.

2017 (per 31. desember): 1 750 mill.

2018 (per 31. desember): 2 400 mill.

2019 (per 31. desember): 4 345 mill.

2020 (per 31. desember): 5 905 mill.

2021 (per 31. desember): 8 211 mill.

Grunndata - trafikkauke frå året før

2016 (per 31. desember): 336 %

2017 (per 31. desember): 207 %

2018 (per 31. desember): 37 %

2019 (per 31. desember): 86 %

2020 (per 31. desember): 36 %

2021 (per 31. desember): 39 %

Helsedata.no - felles søknadsskjema[6]

2019 (per 31. desember): 12

2020 (per 31. desember): 456

2021 (per 31. desember): 498

Helsedata.no - helseregister på Helsedata.no

2020 (per 31. desember): 23

2021 (per 31. desember): 34

Fotnotar

[2] E-helse er ei nemning for digitalisering i helse- og omsorgssektoren. Digitalisering er eit sentralt verkemiddel for å effektivisere og vidareutvikle sektoren og bidreg til betre kvalitet i helse- og omsorgstenestene, pasientsikkerheit og personvern. Digitalisering skal understøtte nødvendig samhandling i sektoren til nytte for innbyggjarar, pasientar og helsepersonell, styring, statistikk og vitskaplege formål. Denne definisjonen er henta frå hovudinstruksen for Direktoratet for e-helse.

[3] Tal på utførte årsverk: Frå 2019 er talet på utførte årsverk definert i samsvar med felles statleg definisjon i PM-2019-13.

[4] Andel konsulentar: Talet på årsverk for konsulentar er eit estimert gjennomsnitt gjennom året basert på timar. Ein har nytta 1700 timar per årsverk. Andel konsulentar er estimert tal konsulent-årsverk delt på totalt tal årsverk.

[5] Direktoratet utgjer årleg ein rapport om trendar og utviklingstrekk som inneheld relevante nøkkeltal og statistikk over e-helseutviklinga. E-helsetrender: Utviklingstrekk 2022 vart publisert 10. mars 2022.

[6] Felles søknadsskjema vart innført i 2019. Oversikten viser talet på helseregister, kvalitetsregister og helseundersøkingar som har teke i bruk felles søknadsskjema.

Gå videre til «Årets aktivitetar og resultat»

Gå tilbake til «Leiars melding»