Samarbeidsorgan for digital helseberedskap
Samarbeidsorganet skal samordne behov og initiativ frå aktørane i samarbeidsorganet knytt til det digitale økosystemet for helseberedskap for å vere betre førebudd ved neste helsekrise.
Bakgrunn
KS og FHI fremja i nasjonal rådsmodell hausten 2022 behovet for å organisere ein heilskapleg og samla innsats i arbeidet med å styrkje digital helseberedskap. Som følgje av dette etablerte Direktoratet for e-helse eit samarbeidsorgan for aktørane med utgangspunkt i styringsgruppa for koronaporteføljen.
Samansetning
Samarbeidsorganet skal bestå av faste medlemmer og leiast av Direktoratet for e-helse.
Aktørane skal stille med personar med god innsikt i digital helseberedskap. Medlemmene skal representere aktøren sin i møta, og har eit ansvar for å forankre tilrådingane til samarbeidsorganet i eiga aktørgruppe.
Følgjande aktørar er representerte i samarbeidsorganet:
Norunn Saure | Direktoratet for e-helse |
Roger Schäffer | Folkehelseinstituttet |
Morten Fronth-Andersen | Helsedirektoratet |
Terje Wistner | KS |
Frank-Ivar Aarnes | Helse Sør-Øst RHF |
Bodil Rabben | Norsk helsenett SF |
Anne-Lise Härter | Apotekforeningen |
Maren Heldahl (Observatør) | Statsforvalteren i Oslo og Viken |
Én observatør fra Direktoratet for sikkerhet og beredskap |
Dette samarbeidsorganet kan også brukast i helsekriser. Leiinga og rapporteringsveg må i desse tilfella definerast så snart mogleg etter at krisa har oppstått.
Mandat
Mandatet til utvalet er her (PDF).
Møter
Samarbeidsorganet møtest ca. 6 gonger i året.