Hopp til hovedinnhold

Årsrekneskap

Kommentarar frå leiinga

Formål

Direktoratet for e-helse er eit fagdirektorat og styresmaktsorgan som vart oppretta i 2016, og er underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vår visjon er eit enklare Helse-Noreg. Vårt samfunnsoppdrag er å styrkje digitaliseringa i helse- og omsorgssektoren for å understøtte effektive og samanhengande helse- og omsorgstenester. Direktoratet skal leggje til rette for nasjonal samordning og ei heilskapleg og føreseieleg e-helseutvikling.

Direktoratet for e-helse fører rekneskap i samsvar med kontantprinsippet, slik det går fram av prinsippnoten til årsrekneskapen. Årsrekneskapen utgjer del VI av årsrapporten til Direktoratet for ehelse.

Stadfesting

Årsrekneskapen er avlagt i samsvar med føresegner om økonomistyring i staten, rundskriv R‐115 frå Finansdepartementet, og krav frå Helse- og omsorgsdepartementet i instruks om økonomistyring. Rekneskapen gir eit dekkjande bilde av Direktoratet for e-helses disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld.

Vurderingar av vesentlege forhold

I 2021 har Direktoratet for e-helse samla sett disponert tildelingar på utgiftssida på 1 218 216 000 kroner, inklusivt inntektskrav på 53 941 000 kroner. Avgitte belastningsfullmakter på til saman 500 000 kroner er inkludert i tildelingsbeløpet. Det er motteke tre belastningsfullmakter på til saman 35 494 000 kroner der 17 045 063 kroner er nytta:

Kap.post Pålydande Bruktenytta
540.25 11 831 000 10 678 613
540.25 21 163 000 3 866 450
540.25 2 500 000 2 500 000
Sum 35 494 000 17 045 063

Samla tildeling på inntektssida er 53 941 000 kroner. I samsvar med tildelingsbrevet kan Direktoratet for e-helse overskride løyving over kap. 701, post 01 og 21 mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3701, post 02.

Den totale utnyttingsgraden av tildelingane, justert for mindreinntekt og avgitte belastningsfullmakter, er 79 %. Utnyttingsgraden av tildelingane til kap. 701, post 21, kap. 744, post 01 og kap. 744 post 21, justert for mindreinntekt er 79 %.

Mindreutgifta for kapittel og post 701.21, spesielle driftsutgifter for Direktoratet for e-helse er på 254 271 656 kroner etter at det er justert for mindreinntekter frå eksterne prosjekt, kapittel og post 3701.02, i tillegg til avgitte belastningsfullmakter.

Hovuddelen av mindreutgifta er relatert til dei større programma, Program digital samhandling, EPJløftet, MF Helse, Felles kommunal journal og Helsedataprogrammet. Det er søkt om at beløpet på totalt 254 271 656 kroner blir overført til neste år i samsvar med berekningar i note B.

Mindreutgifta for kapittel og post 744.21 er på 20 519 275 kroner og er relatert til Program kodeverk og terminologi og andre oppgåver i forhold til styresmaktrolla til direktoratet. Beløpet blir søkt overført til neste år i samsvar med berekningar i note B.

For inntektskapittel 3701, diverse inntekter for Direktoratet for e-helse, vart mindreinntekta på 263 000 kroner.

Utbetalingar til lønn og sosiale utgifter er på 210 162 993 kroner, jf. opplysningar i note 2. Lønnsandelen av driftsutgiftene er på 23,5 %.

Summen av andre utbetalingar til drift utgjorde 682 362 546 kroner, jf. oversikt over andre utbetalingar til drift i note 3. Den største utgiftsposten er kjøp av tenester frå den nasjonale tenesteleverandøren, Norsk helsenett SF. Dette utgjer 369 763 602 kroner. Norsk helsenett SF er nasjonal tenesteleverandør og gjennomfører utviklingsprosjekta i programma i samsvar med rolleog ansvarsfordelinga mellom Direktoratet for e-helse og Norsk helsenett SF. Direktoratet kjøper også konsulenttenester som supplement til eigne tilsette ved behov for spisskompetanse eller auka kapasitet i avgrensa periodar. Direktoratet for e-helse er ei verksemd med endra oppgåver og oppgåvemengd frå år til år, noko som igjen krev ulik type kompetanse og ressursbehov. Nest største post er kjøp av andre framande tenester, og utgjorde 5 %. Dette gjeld primært kjøp av tenester frå Norsk helsenett SF innanfor områda IKT, innkjøp og dokumentasjonsforvaltning.

Det vart utbetalt 2 914 962 kroner til ulike investeringar, hovudsakleg knytt til lisensar og inventar.

Per 31.12.21 utgjorde mellomverande med statskassa 9 606 684 kroner, jf. note 8.

Tilleggsopplysningar

Riksrevisjonen er ekstern revisor og bekreftar årsrekneskapen for Direktoratet for e-helse. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per d.d., men ein reknar med at revisjonsmeldinga er klar i løpet av andre kvartal 2022.

Oslo, 28. februar 2022

Mariann Hornnes

Direktør Direktoratet for e-helse

Prinsippnote årsreknskapen

Årsrekneskap for Direktoratet for e-helse er utarbeidd og avlagt etter nærmare retningslinjer fastsett i føresegner om økonomistyring i staten (“føresegnene”), fastsett 12. desember 2013 med endringar, seinast 23. september 2019. Årsrekneskapen er i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2019 og eventuelle tilleggskrav fastsett av overordna departement.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:

a) Rekneskapen følgjer kalenderåret

b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret

c) Utgifter og inntekter er ført i rekneskapen med brutto beløp

d) Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet

Oppstillingane av løyving- og artskontorapportering er utarbeidde etter dei same prinsippa, men gruppert etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krav i føresegnene punkt 3.5 til korleis verksemdene skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja “Netto rapportert til løyvingsrekneskapen” er lik i begge oppstillingane.

Verksemda er tilknytt konsernkontoordninga til staten i Noregs Bank i samsvar med krav i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder blir ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Ved årsslutt blir saldoen nullstilt på den enkelte oppgjerskontoen ved overgang til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser behaldningar verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som e-helse har rapportert til statsrekneskapen. Det blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingssrekneskapen e-helse har fullmakt til å disponere. Kolonnen samla tildeling viser kva e-helse har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrev for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle finansielle eigedelar og forpliktingar e-helse står oppført med i kapitalrekneskapen til staten.

Mottekne fullmakter til å belaste kapittel/post til ei anna verksemd (belastningsfullmakter) blir ikkje vist i kolonnen for samla tildeling, men er omtalt i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene knytt til mottekne belastningsfullmakter er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen, og blir vist i kolonnen for rekneskap. Avgitte belastningsfullmakter er inkludert i kolonnen for samla tildeling, men blir ikkje bokførte og rapporterte til statsrekneskapen frå verksemda sjølv.

Avgitte belastningsfullmakter blir bokførte og rapporterte av verksemda som har fått belastningsfullmakta, og blir derfor ikkje vist i kolonnen for rekneskap. Dei avgitte fullmaktene kjem fram i note B til løyvingsoppstillinga.

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal Direktoratet for e-helse har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Direktoratet for e-helse har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsført og derfor ikkje vist som inntekt i oppstillinga.

Last ned "Notar og oppstillingar" (PDF)

Gå videre til «Vedlegg»

Gå tilbake til «Vurdering av framtidsutsikter»