Hopp til hovedinnhold

Vurdering av framtidsutsikter

I 2021 utarbeidde Direktoratet for e-helse eit kunnskapsgrunnlag som fundament for ny nasjonal ehelsestrategi gjeldande frå 2023. Kunnskapsgrunnlaget har til hensikt både å kartleggje nosituasjonen for digitalisering i helse- og omsorgssektoren, men også å kartleggje omgivnadene og framtidig utvikling som vil ha betydning for den vidare utviklinga av e-helseområdet.

Kunnskapsgrunnlaget[37]består av ein nosituasjonsanalyse og ein scenarioanalyse for ehelseområdet i Noreg. Kunnskapsgrunnlaget er arbeidd fram gjennom analysar av politiske dokument, forskingsrapportar, utgreiingar og rapportar, og dessutan ein serie arbeidsmøte og intervju med representantar frå sektoren, inkludert næringsliv og forskingsmiljø innan e-helse og teknologi.

Hovudfunna frå nosituasjonsanalysen er oppsummert i styrkar og svakheiter internt i helse- og omsorgssektoren og moglegheiter og truslar i omgivnadene. Styrkane og moglegheitene er det viktig å dra nytte av og utforske vidare. Svakheitene og truslane er det viktig å forbetre og redusere konsekvensane av. Fleire av dei interne faktorane som kjem fram i analysen, er godt kjende frå før, men analysen i seg sjølv har ein verdi ved å sette det i system og samanheng. Desse faktorane vil ha innverknad på evna til Direktoratet for e-helse til å oppfylle mandatet sitt i tida framover.

Styrkane direkte knytt til e-helseområdet, er vurdert til å vere nasjonale plattformer og samordna initiativ som det er viktig å byggje vidare på, i tillegg til at det blir samla inn og generert store mengder helsedata og at innbyggjarar og internt i sektoren har ein generell god digital kompetanse. På den positive sida har pandemien bidrege til erfaringar og endringskompetanse som det er viktig å dra nytte av knytt til digitalisering i sektoren.

Svakheiter eller utfordringar som blir trekte fram i analysen, er den fragmenterte avgjerdsstrukturen som gjer koordinering og gjennomføring av digitale tiltak krevjande. Vidare er det utfordrande å samlast om felles retning og prioritering. Eksisterande finansieringsmodellar og regelverk støttar ikkje tilstrekkeleg opp under digital transformasjon. Det er tidvis for låg gjennomføringsevne knytt til innføring av nye digitale løysingar, og teknisk gjeld avgrensar digitaliseringsmoglegheitene. Det er utfordrande å dele og få tilgang til data på tvers i sektoren, og dagens digitale løysingar er ikkje tilstrekkeleg tilpassa forventningar og behov hos innbyggjarar og helsepersonell. Innovasjon og tilpassingsmoglegheiter er avhengig av ein berekraftig leverandørmarknad.

Demografiske endringar og press på offentlege finansar kan medføre auka endringsvilje på ehelseområdet. Innbyggjarane opptrer i aukande grad som aktiv deltakar både som pasient, pårørande og innbyggjar, og dei tek generelt større ansvar for eiga helse. Ei akselererande teknologiutvikling og auka bruk av teknologi gir moglegheiter til betre helse og helsehjelp. Det er potensiale for auka innovasjon ved å byggje økosystem med aktørar frå forsking og næringsliv. Samtidig er det stort tilfang av interne og eksterne datakjelder, og vi ser også auka tverrsektorielt og internasjonalt samarbeid som vil kunne bidra positivt i digitaliseringsarbeidet.

Scenarioanalysen som ein del av strategiarbeidet er ein måte å handtere usikkerheit på, og formålet med analysen er å gjere strategien robust for endringar i omgivnadene. Analysen prøver å belyse kva ressursar vi uansett bør ha for å lykkast med den digitale transformasjonen av sektoren og kva nye moglegheiter eller utfordringar som utspelar seg når ein ser på digitalisering av helse- og omsorg i eit 2035-perspektiv. Det vi ser er at kompetanse hos innbyggjarar og helsepersonell, personvern og informasjonssikkerheit, enkle og brukarvennlege digitale verktøy, felles teknologikomponentar for effektiv datadeling og felles retning for digitalisering i helse og omsorgssektoren er område av avgjerande betydning i analysar om framtida dersom vi skal lykkast med digitaliseringa. I tillegg kjem det i scenarioanalysen fram ei rekkje nye moglegheiter som vil bli utforska i det vidare strategiarbeidet, og i arbeid med trendar og utviklingstrekk i direktoratet. Dette er moglegheiter som nye roller for helsepersonell, innbyggjarar og pårørande som følgje av auka digitalisering, innovasjonsmoglegheiter innan personvern og informasjonssikkerheit, næringsutvikling og samarbeid med private aktørar, moglegheit for auka spesialisering og meir førebygging, auka utnytting av teknologi til avgjerdsstøtte, tenkje nytt omkring helse som følgje av det grøne skiftet og berekraftsutfordringar i samfunnet, kvalitetsheving i helsetenesta og stimulere til ein rikare leverandørmarknad. Dette meiner direktoratet er område som vil påverke utviklinga av ehelseområdet fram mot 2035.

Fotnotar

[37] Kunnskapsgrunnlag ny nasjonal e-helsestrategi fra 2023

Gå videre til «Årsrekneskap»

Gå tilbake til «Styring og kontroll i verksemda»